
‘Prestegarden og øya’
Skodespel i 5 akter frå Haramsøy i 1880-90-åra av Henrik Rytter. Ei skildring av eit folk i strid mot den store og harde sunnmørske natur i ei tid med omskiftingar i fiskeri og med sterke religiøse rørsler.
I november 1941 vart stykket framført på Det Norske Teateret i Oslo, med kjende skodespelarar
Henrik Rytter vaks opp i nabogarden til Framgard, Klokkargarden.
Artig er det at hovedpersonen er Framgards-Nils og at fleire av dei andre rollene også er henta fra nabogardar på Åkre, f.eks.
Framgards-Nils (fra Framgard) – spela av Harald Heide Steen sen.
Elling-Rasmus (fra Elling-garden) – spela av Edvard Drabløs
Tore-Ravall (fra Tore-garden) -spela av Einar Tveito
Sjur-Bern (fra Sjur-garden) – spela av Pehr Qværnstrøm
Hammars-Filop (fra Hammars-garden) -spela av Alf Sommer
Mass-Anna (fra Mass-garden) – spela av Tordis Maurstad